For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

1 måned - 1 krone Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

| Debatt

MF og teologisk utvikling

MF: Vi bør altså henta lærdom av det som har skjedd ved MF, særleg med tanke på styresamansetjing og styret sin funksjon, og med tanke på tilsetjingar og tilsette sin åndelege ståstad og deira funksjon, skriv Johannes Kleppa.
Publisert Sist oppdatert

Espen Ottosen har i Dagen skrive ein lærerik artikkelserie som går på den teologiske utviklinga som har vore ved Menighetsfakultetet (MF). Det er ein viktig serie som både dokumenterer, analyserer og vurderer utviklinga. Han har intervjua Vidar Haanes, som har vore rektor ved MF dei siste 20 åra, altså i den perioden der den teologiske liberaliseringa verkeleg har skote fart. Ottosen samanliknar utviklinga på det norske MF med situasjonen på dansk MF, der han også har intervjua rektor.

Dette er ein reportasje- og kommentarserie som ikkje berre fortel og dokumenterer ei historie, men som er til ettertanke og lærdom for notida og framtida, om ein vil unngå tilsvarande utvikling som på MF. Det gir seg sjølv at det ikkje er berre ein grunn til utviklinga på MF, der ein har gått frå å vera ein teologisk konservativ lærestad til å vera ein svært liberal institusjon, frå å vera ein institusjon i kamp mot liberal teologien til å vera ein lærestad utan teologiske grenser, altså ein teologisk oppløysande institusjon.

Samanlikninga med dansk MF gir nokre tankevekkjande moment. Dansk MF har aldri fått ei krone i statsstøtte, men baserer seg berre på gåver frå kristenfolket. Institusjonen har også alltid hatt akademisk motvind ved at dei ikkje har fått formell godkjenning i Danmark for utdanninga. Dansk MF har med det måtta kjempa for sin eksistens, og institusjonen er avhengig av tillit i kristenfolket. Norsk MF har fått ein sterk akademisk posisjon med stor breidde i studietilbod, og dei lever praktisk talt berre på statlege midlar. Gåveinntektene er nesten symbolske. Det er lite kontakt med det arbeidande kristenfolket i landet, og ein er ikkje avhengig av tillit frå kristenfolket.

Powered by Labrador CMS