SEND INN INNLEGG
Illustrasjonsfoto: Stanley Yuu
...
Illustrasjonsfoto: Stanley Yuu/CC/Flickr
Visjon Diagnose
Del
Kven av oss har ikkje latt seg frista til å tala på tynt grunnlag? Men i alle høve kan ingen av oss måla seg med Popus Politicus Norvegicus. Det kan vera fort gjort å gå i baret.

Kan henda har me ein dårleg dag eller kjenner for å setta piggane ut – i ei form for forsvar. I alle høve er nokre av oss meir offentlege enn andre. Nokon kan vera ein leiar, kanskje til og med ein kristen leiar – eller noko sånt noko. Då er det kanskje ekstra ugreitt når ukvemsord og diagnosar poppar ut som perler på ei hengande snor. (Finst det likevel von i snora?)

Nokon – me kan kalla han den øvste representanten for eit pavedømme her i nord – har for ikkje lenge sidan funne det for godt å seia, i samband med ein person si tru på katolske læresetningar, at denne personen er sjuk. Om han er sjuk eller ikkje, veit eg ikkje – men eg undra meg litt over det som såg ut som ei assosiering av religiøst val med ei form for «generell sjukdomsdiagnostisering».

Ei aning påfallande er det kan henda at nemnde representanten for ikkje lenge sidan – i februar – kom med ein pussig «diagnose» av predikantar som meiner at tiende høyrer til den gamle pakta: «Punsj oppe i hovudet.» Me treng ikkje stikka under nokon stol at orda blei sagde i farta og moglegvis i sinne. Om det er festleg, veit eg ikkje heilt, men eg forstår det viss du som les, har lyst til å le litt. Trist er det også, sidan diagnosestillaren meiner seg å vera sjef for heile kristenfolkets TV-kanal.

Endå e i aning meir påfallande kan me godt seia at det er – når me ser at same representanten har sett følgande diagnose på ei ikkje fastsett mengd eller type personar som uttaler seg kritisk om han på veven: Psykose.

Men: Verre enn å diagnostisera kan det faktisk vera å påstå følgande: «Donald Trump ville bli en bra president.» Ein mann som gjerne øydelegg europeisk naturmangfold for å laga golfbaner han kan tena pengar på, ja – tenk så flott ein president han kunne bli! Her trur eg at «Buskerud-paven» tar kaka, om ikkje heile kakebordet, i det store Teselskabs slabberas-race si tevling om politisk-profetiske visdomsord. Slik kakefråtsing kan unekteleg vekka ein viss avsky.

Har du, kjære lesar, ei historie du vil dela om tabbar du eller andre har gjort som ein kan kalla «feildiagnostisering»? Det må du gjerne finna på å gjera, men eg ber på førehand om orsak: Du er truleg ikkje i nærleiken av å kunna måla deg med teselskapsfrasane til Popus (Politicus) Norvegicus.

Men det verste med Tea Party-tabbe-utsegnene er ikkje utsegnene i seg sjølve. Nei, for ingen av oss kan påstå å vera stort betre. Det verste er at dei kjem frå ein offentleg person, leiar og medieprofil i det norske kyrkjelandskapet – og at andre i media stort sett held kjeft om det.

sigmund ådnøy,debatt,diagnose,meninger