Kanhende er krava for høge? På den andre sida er mattekunnskapen lav blant barn og unge. Matte og norsk skal inn i alle fag. Då nyttar det ikkje å gøyme seg bak samfunnskunnskap og engelsk. Hvis målet er å undervise i berre dei faga, kan ein like godt ta fag på universitetet, skriv Britt Hagesæter. BIllustrasjonsfoto: Bjørn Sigurdsøn / NTB scanpix

Mattepolitikkens nemesis

Grunnleggende ferdigheter og drilling i matte har blitt forsømt i dekader.

Mattekunnskapen blir mindre blant barn og unge. For å bøte på dette, har Kunnskapsdepartementet innført nye reglar for opptak på lærarskulane. I staden for karakteren 3 frå vidaregåande, skal dei no ha 4. Ca. 500 studentar har karakteren 3, men søkte opptak på lærarskulane likevel. Dei vert godtekne, men må forbetre karakteren sin for å kome inn. Dei fekk tilbod om intensivkurs som hjelp til å klare dette.

Så skjer det at ca. 90% av dei som prøver å betre karakteren sin gjennom intensivkurs, stryk.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

No er det ingen menneskerett å kome inn på lærarskulen. Dei studiane, som alle andre har sine krav, og dei som skal undervise barn og unge må ha eigenskapar til å formidle, til å lære frå seg, og kunne omgås elevane samstundes som dei er gode rollemodellar.

Derfor reagerer eg på at det sit 19-åringar og surmuler på TV i beste sendetid fordi dei ikkje kom inn fordi dei strauk på sommarkurset. Det er ikkje synd på dei. Andre har og måtta endra planane sine i møte med røyndommen. Desse visste då dei søkte at dei hadde for lav karakter, og dei fekk ein ekstra sjangse til å forbetre karakteren i sumar, og dei fekk ekstra undervisning for å oppnå det, men dei klarte ikkje krava. så enkelt er det.

Andre som veit dei er svake på eit område, eller at det er lenge sidan dei har jobba med fag, arbeider sjøl og les seg opp. Blant desse som strauk var det også folk som ikkje hadde gidda å møte opp på undervisning, og ingen hadde oversikt over kor mange som hadde fylgt undervisninga regelmessig. Ein kan stille spørsmål ved om dei i heile tatt er eigna for oppgåva dei vil utdanne seg til. Ei anna sak er at eit obligatorisk kurs må ha obligatorisk oppmøte!

Kanhende er krava for høge? På den andre sida er mattekunnskapen lav blant barn og unge. Matte og norsk skal inn i alle fag. Då nyttar det ikkje å gøyme seg bak samfunnskunnskap og engelsk. Hvis målet er å undervise i berre dei faga, kan ein like godt ta fag på universitetet.

Ikkje alle har same hjerne for matte. Det amerikanske systemet brukar ulike former for intelligens, som sosial, kunstnerisk, kroppsbeherskelse, språk og matte. Men i allmennkunnskapen må du ha litt av alt, før du spesialiserer deg. Det er sant det som var sagt av reresentanten forKunnskapsdepartementet, at gode kunnskapar i alle fag gjer deg ikkje til ein dårlegare lærar, tvert om.Kunnskapen er lett å bere, og allsidig innsikt i ulike fag kan du bruke kva fag du enn underviser i.

Men ei anna sak må nemnast. Mattefaget har miste timar i barneskulen for titals år sidan, og samstundes har det blitt lagt tema til. Det som har lidd under dette, er drillinga, mekaniseringa av dei grunnleggjande ferdigheitene innan addisjon, subtraksjon, multiplikasjon og dividering. Der ein i gamle dagar brukte mykje tid på å drille inn desse ferdigheitene, så brukar ein no mindre tid på dette. I dette faget lærer ein gjennom å drille og løyse oppgåver, ikkje å sjå på at læraren gjer det.

Så på ein måte er desse maybe not lærarspirene offer for den feilslåtte skolepolitikken dei skulle rette opp. Dei har sannsynlegvis ikkje drilla og løyst tilstrekkeleg med oppgåver i sin eigen oppvekst, og møter sin Nemesis i døra når dei nå skulle ta intensivkurs, og mangla dei grunnleggjande ferdigheitene som ville ha hjelpt dei til å løyse oppgåvene hurtigare. Kalkulatoren kan ikkje erstattegrunnleggande ferdigheiter .

Engasjér deg!

TIPS OSS om saker / temaer du vil at vi i Dagen skal skrive om: Engasjér deg!

*** Prøv Dagen i 1 måned for bare 1 krone.

Følg gjerne Dagen på Facebook

Dette skjer i Kristen-Norge: Stevneguiden.no er Kristen-Norges gratis møte-og stevneoversikt (det er også gratis å annonsere!)

UKENTLIG NYHETSBREV: Få noen av de viktigste nyhetssakene og debattene rett i epostkassen. Meld deg på her!


Få nyhetsbrev fra Vebjørn Selbekk:
« Hver dag sender jeg deg noen utvalgte saker og debatter som jeg mener at du bør lese! Klikk her for å melde deg på det daglige nyhetsbrevet»

Dagen er Norges eldste kristne dagsavis. På papir siden 1919. Vi gir ut avis seks dager i uken og har abonnenter over hele landet. Vi har også en eavis som kan leses hvor som helst - og når som helst.

DEBATT: dagensdebatt.no kan du selv skrive egne innlegg og publisere dem direkte på nett. Og kanskje bruker vi også innlegget ditt i avisen Dagen.

Dette skjer i Kristen-Norge: Stevneguiden.no er Kristen-Norges gratis møte-og stevneoversikt (det er også gratis å annonsere!)

ISRAEL: Få med deg nyheter fra Israel og hør podcast fra Israel-korrespondenten

ANDAKT: Følg gjerne vår andakts- og inspirasjonsside

MENIGHET: Les vår faste spalte Menighetsdoktoren

HUMOR og skråblikk finner du i Krykkjebakkposten.

TWITTER: Dagen og DagensDebatt

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også
10 millioner for mattekurs – tre av fire strøk