Måtte ta eit val

Landsstyret vurderte situasjonen i Den indre Sjømannsmisjon slik at ein var nøydde å ta valet mellom å selge Oslo Sjømannskirke eller på kort sikt vurdere å innstille drifta av DISM.

Les også: Sjømannskirken på Bygdøy solgt for 57 milloner kroner, hele 13 mill. under takst

Likviditeten i organisasjonen er pressa, og siste to åra måtte vi gang på gang låne for å betale løn. I tillegg har det demt seg opp store vedlikehaldsbehov på «Elieser 6», Stamsund Fiskarheim, noko på Røst og mest på Oslo Sjømannskirke. Til saman mange millionar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Berre på Oslo Sjømannskirke har vi hatt ca. kr 1,5 mill. i vedlikehald og reparasjon siste året. Når ein slit med likviditeten frå før, er det vanskeleg å forsvare nye låneopptak utan å ha ein klar plan på korleis ein vil kunne betjene låna framover. Dei største vedlikehaldsutgiftene ville kome på den 99 år gamle bygninga til Oslo Sjømannskirke.

Viss vi selde den, ville vi spare oss for mykje vedlikehaldskostnader, samt at vi kunne få ein god og sunn økonomi i heile misjonen. Vi såg også moglegheit til å flytte arbeidet i Oslo til nytt lokale. Eigentleg er det ikkje den fine tomta og strandlinja som gjer at vi kan forkynne Guds ord i Oslo, men vi treng eit brukeleg lokale.

Valet vart sal av eigedomen på Bygdøy. Nokre har blitt veldig skuffa. Men den største delen av misjonsfolket er letta over at ein no kan drive misjonen vidare, og framleis satse på å vinne sjeler for himmelen.

Slutt for kirken: Sjømannskirken på Bygdøy solgt for 57 milloner kroner

Likevel er det nok ein sår følelse for dei fleste, og vondt for misjonsfolket i Oslo med eit sal. I 1999 vart det gjort ei refinansiering for heile misjonen, der Oslo Sjømannskirke vart sett i pant for kr 20 mill., og alle lån kvilte på den. Då vart grunnen lagd for at Sjømannskirken var salgbar. Dersom lånet vart mislegheldt, så hadde banken ein soleklar rett til å kunne selge Sjømannskirken. Banken ville neppe spørje nokon i ein slik situasjon om kven dei skulle selge til.

Så kan nokon kritisere Landsstyret for salet. Men faktum er at viss ein hadde venta så lenge at banken tok styringa, ville Sjømannskirka truleg vorte selt utan styring frå vår side, og kanskje til ein altfor lav pris. Eit tvangssal ville gjeve langt mindre i kassa. Det hadde kanskje vore over og ut for både misjonen og Sjømannskirken.

No hadde misjonen sjølv anledning til å styre prosessen, og har kome godt utav det heile. Så kjem spørsmålet: Kvifor kunne vi ikkje selge billig til ein annan kristen organisasjon? «Brent barn skyr ilden», seier eit ordtak. Fleire sal av bygningar som tidlegare har vore gjort, både i Ålesund, Bergen og andre stader, har medført store tap for misjonen. Kjøparane har selt dei vidare med stor forteneste.

Denne gongen har Landsstyret gjort eit så godt salsarbeid som råd, og som vi vonar misjonsfolket kan vere nøgde med. Leiing og landsstyre har eit ansvar for å forvalte midlar og eigedom på ein god og forsvarleg måte. Vi trur at både fiskarar, sjøfolk og kystbefolkninga vil ha glede og gagn av Den indre Sjømannsmisjon i tida framover. Vi har moglegheit til å flytte arbeidet i Sjømannskirka til eit anna lokale i Oslo, dersom misjonsfolket der vil bli med vidare.Så kjem spørsmålet: Kva med dei tilsette opp i det heile?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Styrarparet tok til i fjor. Dei har 60 prosent stilling kvar, og elles har dei sine jobbar i byen. Det andre paret kom litt seinare. Den eine var vaktmeister i deltidsstillingstilling. Vi set stor pris på det arbeidet som styrarparet og vaktmeister har gjort på Sjømannskirka. Dei har i tillegg gjort mykje dugnadsarbeid på boligane.

Desse to ektepara hadde framtidsplanar og visjon for kva dei kunne gjere på Bygdøy. Difor er det leit for dei at det vart sal av eigedomen, og arbeidet nedlagt. Men sjølv om skuffelsen er stor hjå desse, positivt at det har blitt ordna med sluttpakke som rimeleg kan være i saka. Vi ynskjer alt godt for dei to ektepara vidare, også i arbeidet for Herren.

Vi ber om at Herren vil legge til rette for vidare arbeid i Oslo, og velsigne arbeidet til DISM vidare i tida framover i heile landet.

Les også
Sjømannskirken på Bygdøy solgt for 57 millioner
Les også
Sjømannskirka solgt, kjøperen er hemmelig
Les også
Indre Sjø kan sikre kristen drift på BygdøyOslo Sjømannskirke
Les også
Oslo Sjømannskirkes styre har gått av
Les også
Indre Sjø og virksomheten videre