| Debatt
Lyft blikket Alfsvåg - det finst alternativ
KYRKJESYN: Det finst kyrkjer som har fasthalde det som vart praktisert frå starten, skriv Ottar Mikael Myrseth (tv) i debatt med Knut Alfsvåg (th).
Odd Mehus / Bjørn Olav Hammerstad
Knut Alfsvåg har blitt utfordra i Dagen på si formaning om ikkje å melde seg ut av Den norske kyrkja. Sjølv om han har lite godt å seie om denne kyrkja som kunne gi frimot til å halde ut. I årevis har han vitna om lærepluralisme, kyrkjesplittande vranglære, åtvaring mot gudsteneste- og altarfellesskap med biskopar og prestar og meir.
Likevel vil han både bli ståande og han vil tilrå unge menneske å utdanne seg for å gå inn i kyrkjeleg teneste her berre for å bli skvisa ned eller ut imot sitt samvit.
Grunnen til denne salto mortale er at Alfsvåg ikkje ser alternativ. Lutherske frikyrkjer er «tuftet på akkurat den samme tendens til å gi forkjørsrett for den enkeltes religiøse preferanser». (Dagen 20. febr).