| I fokus
Luthersk lære er sann og god så langt ho rekk
KATOLSK RETTLEIING: Luthers vesle katekisme er god katolsk rettleiing: sakramental, sentral og pedagogisk, skriv Ottar Mikael Myrseth.
Bjørn Olav Hammerstad
Kyrkjelandskapet er meir fleksibelt enn på lenge. Likevel sit ei kjensle fast i ryggmergen på mange: Å høyre til i ein norsk kristeleg monokultur. Det kostar å bryte opp frå «fedrane kyrkja i Noregs land».
Sjølv gjorde eg oppbrotet med målsetjinga å ta vare på alt katolsk i den lutherske tradisjonen. Det var eit lykketreff.
For å starte med det mest sentrale: Luthers vesle katekisme er god katolsk rettleiing: sakramental, sentral og pedagogisk. Det konfesjonelle hovudskriftet, Augustana, tenkjer også katolsk. Dei 21 fyrste artiklane argumenterer med at den gamle kyrkjelæra vert vidareført utan revisjon. Kyrkjefedrane vert siterte som sanningsvitne. Her er rettferdiggjering ved tru, dåpen nødvendig til frelse, kyrkja eit åndeleg samfunn, presteembetet, realpresens i nattverden, syndstilgjeving i skriftemålet og meir.