ISRAEL: –Det moderne Israel er eit under frå Gud, og har vorte berga gjennom ei rekkje forsøk frå ei stor overmakt sine forsøk på utsletting, skriv Bjarne Gjerme.

Løysingar i Midt-Austen?

Sjølv om det er langt verre i Syria/Irak, verkar konflikten uløyseleg også mellom Israel og dei palestina-arabiske sjølvstyreområda.

Eg har fylgt med i debatten etter Gro Wenske sin kronikk, inklusiv Tarjei Gilje sin gode kommentar 27. november.

Les Gro Wenskes kronikk: «De ugudelige skal bli utryddet av landet»

Artikkelen fortsetter under annonsen.

LES OGSÅ: Skremmende hat, etnisk rensing og dobbeltmoral

Spørsmålet her gjeld korleis Noreg og norske israelsvener bør stilla seg. I konflikten IS/Syria/Irak, kan ein gjera noko meir enn å be for saka? Kanskje. Og kan ein gjera noko for Israel/Palestina-konflikten? Ja. Først og fremst å støtta organisasjonar som driv kristne radio/TV-sendingar på arabisk. Dette er i ferd med å gje gode frukter med ei svært stille vekking i muslimske område. Og det kan vera avgjerande den dagen islam vonleg får ein tilsvarande kollaps som kommunismen for 25 år sidan.

LES OGSÅ: – Tar til orde for etnisk rensing

Dernest bør ein arbeida for at Noreg og den gjevarlandsgruppa som Noreg står i spissen for, sluttar med å pøsa inn store midlar til dei korrupte regima Hamas og PLO/Fatah. Desse midlane kjem folket lite til gode, og er med på å halda oppe maktmisbruket og terroren. I tillegg er det med og gjer leiarane og deira handlangarar sers velståande. Deira overordna mål er ikkje interessene til sine eigne innbyggjarar, men å sletta den «vantruande» staten Israel frå kartet. Noreg og Vesten elles bør no læra av realitetane. Oslo-prosessen (i Israel no kalla Oslokrigen) har langt frå tilført noko positivt. Og det at Israel i 2005 i mangel på seriøs forhandlingsvilje hjå motparten, drog seg ut av Gaza og tvangsflytta 8600 jødar frå området, har gjort det langt verre for både Israel og folket i Gaza. Trur nokon at det vert betre med ei såkalla to-stats-løysing? Denne løysinga har vore død sidan Arafat sitt nei på Camp David sommaren 2000. Kvifor skal Israel heile tida pressast til å starta meiningslause forhandlingar om dette, og motparten er litt positiv berre til Israel har betalt gildet med å setja fri hundrevis av terroristar? Trur nokon at PLO eller Hamas er villige til å forhandla om sitt føremål og grunnlaget for sin eksistens, som er å utsletta Israel?

Ulukka for Palestina-arabarane er deira eigne islamistiske leiarar. Og dette er også eit av Israel sine største problem. Det beste som kan gjerast utanfrå med dette, er å ikkje leggja meir av dette presset på Israel. Og å visa støtte til landet med å reisa dit og skaffa seg kunnskap om tilhøva. At det er så lett å manipulera opinionen gjennom den venstredominerte mediemakta, er til stor oppmuntring og inspirasjon til meir islamistisk vald.

For kristne som trur på Bibelen er Sak. 12,3 ein aktuell skriftstad i denne samanhengen. Det moderne Israel er eit under frå Gud, og har vorte berga gjennom ei rekkje forsøk frå ei stor overmakt sine forsøk på utsletting. Landet er heilt i ein særstilling i området, med demokrati, ytringsfridom, menneskerettar, fleirkultur, vitskap og høgteknologi. Og med eit militært forsvar som har ein etisk standard på høgde med kva land som helst, trass i tilhøva rundt.

Les også
«De ugudelige skal bli utryddet av landet»
Les også
Dagen og Wenske
Les også
– Tar til orde for etnisk rensingFaye-Hansen
Les også
«Det er enten de eller oss»
Les også
Skremmende hat, etnisk rensing og dobbeltmoral