Leder
KJÆRLEIK: Ei julekrybbe i Erbil og menneske som møtest på ein flyplass.
Kari Fure
Love. Actually.
Jula kjem med den finaste kjærleikshistoria, men vi må kanskje leite litt for å finne henne.
Denne kjærleikshistoria er ikkje som i Netflix-serien «Hjem til jul», der stadig single Johanne leitar etter kjæresteemne. Eller «Love, Actually», julefilmklassikaren som opnar med eit mylder av hjartelege flyplass-gjensyn.
Nei, den historia eg tenkjer på rommar ein djupare kjærleik enn nokon julefilm kan mønstre – sjølv om også «Love Actually» tek sider ved menneskelege relasjonar på kornet og gir rom for nåde og ny start etter rot og svik.