| I Fokus
Løft blikket - og lev!
LØFT BLIKKET: Ved å løfte blikket får du augekontakt. Kanskje først berre med andre som deg sjølv, skriv Jan Helge Aarseth.
Adobe Stock
Eit av dei nyaste og største bedehusa i landet vårt opne denne junimånaden dørene for storsamling. Dei 500 sitjeplassane vart mest for få, men med hjarterom, klappstolar og open matsal kom alle likevel på plass til familiesamling og fellesskap for folk i alle aldrar.
Dagens talar var ikkje «theologus», men ein kristen «medikus» – lege. Ein som i kvardagen kjempar med sjukdom, liding og dårleg helse i ulike variantar. Og der dette ikkje berre handlar om diagnosar på latin, men augekontakt og levande menneske.
Då legen skulle setje diagnosen på eit fellesvonde, kom to ulike illustrasjonar opp på skjermen. Første av ein mobiltelefon, lik den mest alle av oss hadde i handa, lomma eller i veska. Neste bilete var ei karikaturteikning, av ein stakkar som prøvde å sjå inn i eigen navle. Me fekk så alle sjølve prøve å stå slik nokre minutt, i eit ihopkrøkt forsøk på å vere ein «navleskodar».