LIDING: Jobs bok – Bibelens eldste skrift – har lidingsgåta som hovudtema. Likevel gjev ho oss ikkje eit fullnøyande svar, skriv Jostein Sandsmark.

Lidingsgåta

Jobs bok – Bibelens eldste skrift – har lidingsgåta som hovudtema. Likevel gjev ho oss ikkje eit fullnøyande svar. Det er mangt me ikkje forstår og stiller spørsmål ved når det gjeld alt det vonde som skjer.

Det er mange som støyter seg på tankefloken at når Gud er god og allmektig – kvifor er det likevel så mykje vondt i verda?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ordtaket «Martyren sitt blod er kyrkjas utsæd» set ord på kva som skjer når me lyder ordren Jesus gav oss: «Gå ut i all verda …» Det kostar, og prisen kan vera høg; livet i blant. Men dette burde ikkje vera overraskande. Jesus er klår på at vondt vil timast hans etterfølgjarar: «Har dei hata meg, vil dei hata dykk.»

Alle apostlane på ein nær døydde martyrdøden. Og brørne Peter og Andreas meinte det var for ærefullt å lida den same krossdøden som deira Herre og Meister – så Peter vart etter eige ynske spikra til krossen opp ned. Andreas vart hengd opp som eit kryss og gav namnet til Andreaskrossen, eit kjent symbol i Austkyrkja.

Les også
Dei som endar sitt tilvere i eldsjøen «er ikkje meir»

Kva mekanisme er det som gjer seg gjeldande når liding fører til vekking og vekst for kyrkja?

Hjå oss har dei kristne liten motstand og er sparte for forfølging for si tru. Men så ser me også lite frukter. Kyrkja og kristendomen taper terreng og er på vikande front. Kristenflokkane kropnar.

Og me har høyrt om fengsla kristne som har ført til omvending for mange andre fangar – folk som elles ikkje ville vorte eksponert for evangelieforkynning.

I vide landområde både i Asia og Afrika kan det stå om tap av familie, utdanning, sosiale gode og levevilkår dersom ein vedkjenner seg trua på Jesus. Ja, i mange høve står det om livet.

I Nord-Korea kan ein bli dømd til livsvarig arbeidsleir for å vera eigar av ein bibeldel. I avisa i dag er det fortalt om ein pakistansk kristen som skal ha sendt ein tekstmelding som krenkja Mohammeds mor – og som difor er dømd til døden for blasfemi. Når me høyrer om slikt vil me lett tenkja:

Dette ville eg aldri ha greidd å stå for – og falle frå. Men dette er teikn på veik tru. For Skrifta lovar: « … som din dag så skal din styrke vera.» Og dei mange som blir trakasserte, forfølgde og tilmed drepne for si tru – held fast på sin ståstad.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også
Er Gud ein despot?

Me får ikkje kraft dersom me ikkje vil stå opp for vårt standpunkt når vår tru vert utfordra. Dermed blir me anonyme, kraftlause kristne som ikkje er smitteberande.

«Det skal sterk rygg til å bera gode dagar.» – Kanskje me er blitt forførte av vårt velvære og velstand så me ikkje søkjer styrke frå Han som har krafta?

For å kunna bera smerte og liding trengst tolmod. «Om du tolmodets lekse må lære, himlens bønnesvar engang du får» – syng Trygve Bjerkrheim.

I bibelforteljingane om kvinna med blodsott, den krokbøygde kvinna som Jesus lækte på ein sabbat – og historia om den blindfødde, var det snakk om plage og liding i 12, 18 og kanskje 40 år. Men resultatet, biverknadene av smerta og lækinga av dei – førde til at mange kom til tru og vart frigjorde, – og kanskje mange fekk opna sine åndelege augo?

Eit bilete frå naturen har gjerne vore andaktstema: Perlemuslingen. Han får eit uynskt sandkorn inn i sine mjuke hudfaldar. Det gjer vondt, og muslingen avsondrar perlemor for å verna seg mot det kvasse gnaget. Og etter lang tid dekkjer perlemoren det plagsame, smerteskapande framandelementet, og ei strålande perle er skapt! – Gull av gråstein!

Les også
«Religionsblanding i Dagen»

Sorg og smerte er ein del av livet. Ibsen deler livserfaring med oss i diktet Sølvet: «Livets lyst er som høstens halm – sorgen er sølvet, det edle malm».

«Til fred vart meg det beiske, ja, det beiske», melder Esaias 38,17. I kyrkjeliturgien heitte det ein gong: «Du oppdreg oss med kross og trengsel.» Men dei sterkaste orda er det Paulus som kjem med – og han hadde rik røynsle med forfølging og liding: «Han tuktar den son som han elskar, og hudflengjer kvar son han tek seg av.» Heb 12,6. Grundvig syng: «Alt står i Guds faderhånd. Hva han vil det gjør hans Ånd. Av Guds nåde til Guds ære evig glade skal vi være, i vår Herres Jesu navn – i vår Herres Jesu navn.»