«Religionsblanding i Dagen»

Eg vart like forstøkt og sint som Reidar Holtet då eg las muslimen Shoaib Muhammad Sultan sitt Frispark for få dagar sidan.

Eg var i ferd med å senda ei klage, men let det vera sidan det neppe ville ha nokon verknad.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også
Religionsblanding i Dagen?

Det burde vera innlysande for ei kristen avis å avvisa slik heidensk forkynning, men nå syner det seg at de går god for islam-religionens hans – når de slepper igjennom slik synkretisme.

Tidlegare har eg sendt dykk åtvaring og klage når eg synest muslimen Sultan får breia seg i Dagens spalter, men det har ikkje blitt høyrd. Skal han liksom vera eit slags alibi for openheit og toleranse? Det kler avisa ikkje.

Les også
Shoaib Sultan: «Bønn er aldri bortkastet for muslimer»

Som Holtet påpeikar, er «Allah = Gud»-formuleringa gjennomført i NRK, NTB og MSM-media. Dei svarar med uhaldbare forklaringar når det blir påtalt, og held sjølvsagt fram som før. Men desse sekulære mediene har sin bevisste agenda, og gjer som dei vil andsynes det som er sant og rett.

Skal han liksom vera eit slags alibi for openheit og toleranse?

At Dagen skulle gjera det same er opprørande – som Holtet påpeikar. Eg har lese Dagen i eit par mannsaldrar og held nå Dagen for å vera den beste kristne avisa; men etter ei slik støtte til islamifiseringa av samfunnet vårt – kjem eg i tvil om eg vil vera abonnent lenger.

Skulle de vera i tvil om kva som er rett nemning på den kristne guden Gud/Jehova og den muslimske Allah, så ta kontakt med KABA og la leiaren der, Paul B. Johansen, skriva eit innlegg.

Les om att innlegget til Reidar Holtet og ta tak!