Liberalisme for kristne

Eg vil foreslå at me snur opp ned på dette og seier at ein kvar står fritt til å gjera som ein vil, så lenge ein ikkje skadar andre. Då vil konservative kristne fortsatt kunna oppdra sine barn slik dei meiner er rett og ellers leva livet på sin måte.

I omtrent tusen år har Noreg vore eit kristent land, med kristne skikkar, lovar og identitet. Dette har dei siste åra endra seg fort. Me har fått abortlov, utvatna kristendomsfag i skulen, likekjønna ekteskap og økonomisk likestilling av religionane i Grunnloven.

Denne utviklinga skjer ikkje berre i vårt land, men ser ut til å vera ein tendens i heile Vesten. Dei som føl med på meiningane som kjem fram i sosiale medier, bloggar og diverse debattinnlegg kan lett sjå for seg at dette vil utvikla seg til undertrykking av kristne verdiar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er t.d. mange som hevdar at å oppdra barn i den kristne trua er indoktrinering og barnemishandling. Vår tru vert stadig oftare kalla eventyr av dei som meiner dette. Eg ser ikkje vekk frå at det snart kjem krav om reguleringar av eller forbud mot t.d. søndagsskular med denne grunngjevinga.

Mange har kjempa mot denne utviklinga, og tapt - gang på gang. Kvar einaste av desse endringane har skapt stort oppstyr blant konservative kristne. Det har likevel ikkje hindra utviklinga. Mange har óg valgt å kjempa for å behalda reguleringar som ikkje egentlig kan grunngjevast direkte ut frå eit kristent livssyn, slik som strenge reglar for alkoholbruk, forbud mot narkotika og enorme avgifter på tobakk. Dette vert ofte grunngjeve med offentlege helseutgifter.

Eg trur det no er på tide å tenka på ein annan måte. Den konservative tankegangen om å motstå utviklinga med reglar og avgifter fungerer ikkje. Det som er værre er at den kan slå tilbake på oss. Om me vil laga forbod og reglar mot alt me ikkje likar, må me venta at dei som ikkje likar konservative kristne verdiar vil laga forbod og reglar mot det me kristne set pris på. Dei er alt i fleirtal i befolkningen, men grunna treghet i systemet har dei ikkje klart å innføra slikt til no.

Eg vil foreslå at me snur opp ned på dette og seier at ein kvar står fritt til å gjera som ein vil, så lenge ein ikkje skadar andre. Då vil konservative kristne fortsatt kunna oppdra sine barn slik dei meiner er rett og ellers leva livet på sin måte. Andre vil gjera andre valg, og det kan ein sjølvsagt prøva å overtala dei til å endra på, men ein skal ikkje tvinga nokon til å leva på sin måte.

Dette er ikkje berre eit spørsmål om kva som er strategisk fornuftig å gjera. Det er óg eit spørsmål om kva som er rett. Kven har gitt oss retten til å bestemma kva andre skal drikka og på kva tidspunkt? På kva grunnlag har me lov til å nekta andre å nytta narkotiske stoff?

Ut i frå desse tankane m.m. har eg meldt meg inn i partiet Liberalistene, som har som prinsipp at kvart menneske bør bestemma sjølv korleis det skal leva.

Dette partiet har óg ein del tankar om korleis samfunnet bør organiserast økonomisk. For oss som har vokse opp i eit sosialdemokratisk land vil det ta tid å venna seg til slike tankar, men når ein får tenkt seg om vil mange sjå at dette er fornuftig.

Om de ynskjer å lesa litt meir om partiet, vil eg råda dykk til å ta ein kikk her: www.liberalistene.org

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Engasjér deg!

TIPS OSS om saker / temaer du vil at vi i Dagen skal skrive om: Engasjér deg!

*** Prøv Dagen i 1 måned for bare 1 krone.

Følg gjerne Dagen på Facebook

Dette skjer i Kristen-Norge: Stevneguiden.no er Kristen-Norges gratis møte-og stevneoversikt (det er også gratis å annonsere!)

UKENTLIG NYHETSBREV: Få noen av de viktigste nyhetssakene og debattene rett i epostkassen. Meld deg på her!


Få nyhetsbrev fra Vebjørn Selbekk:
« Hver dag sender jeg deg noen utvalgte saker og debatter som jeg mener at du bør lese! Klikk her for å melde deg på det daglige nyhetsbrevet»

Dagen er Norges eldste kristne dagsavis. På papir siden 1919. Vi gir ut avis seks dager i uken og har abonnenter over hele landet. Vi har også en eavis som kan leses hvor som helst - og når som helst.

DEBATT: dagensdebatt.no kan du selv skrive egne innlegg og publisere dem direkte på nett. Og kanskje bruker vi også innlegget ditt i avisen Dagen.

Dette skjer i Kristen-Norge: Stevneguiden.no er Kristen-Norges gratis møte-og stevneoversikt (det er også gratis å annonsere!)

ISRAEL: Få med deg nyheter fra Israel og hør podcast fra Israel-korrespondenten

ANDAKT: Følg gjerne vår andakts- og inspirasjonsside

MENIGHET: Les vår faste spalte Menighetsdoktoren

HUMOR og skråblikk finner du i Krykkjebakkposten.

TWITTER: Dagen og DagensDebatt