| Debatt
Lesesatsinga må vere ei språksatsing
PISA-RESULTAT: Når det skal satsast på lesing, må det satsast på lesing på nynorsk, skrive Peder Lofnes Hauge (foto).
Noregs Mållag
Dei svake PISA-resultata i lesing viser at me står overfor ei alvorleg utfordring. Nedgangen i lesekompetansen blant norske elevar må takast på alvor, og det trengst ein kraftig og langsiktig innsats for å styrkje lesinga i skulen. Når styresmaktene no skal svare på utfordringane, må dei hugse på nynorskelevane. Når det skal satsast på lesing, må det satsast på lesing på nynorsk.
Nynorskelevane har ein skulekvardag der dei har behov for å møte meir nynorsk. I tillegg trengst det eit større medvit om at det å lære seg nynorsk ikkje er det same som å lære seg bokmål. Utfordringane nynorskelevar har med å lese, er ikkje nødvendigvis dei same som utfordringane til bokmålselevane.
Lesekompetanse og språkkompetanse heng tett saman.