🍁 1 krone for 1 måned

Du kan betale med vipps Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

| Debatt

Lekmannslina trengst som aldri før 

HEIL BIBEL: Vi trur at Bibelen er inspirert av Guds Ande frå perm til perm, skriv Kjell Furnes.
Publisert Sist oppdatert

For ein som har fått levd ein langt liv kjem utviklinga, og resultata av dette, ofte fram i tankane. Medrekna også korleis kristenlivet, og arbeidsforholda for dette, har blitt mellom folket i Noreg. La oss sjå litt på utgangspunktet og korleis det har gått.

Vi må vel kunne seie at lekmannsarbeidet i landet vårt har sitt utgangspunkt i pietisme som kom til Danmark og Noreg i slutten av 1600-talet. Pietisme, av det latinske ordet pietas, betyr «fromhet». Den prega samfunnet djupt gjennom personleg omvending, indre liv og streng moral, seier skriftene. Den vart til statskyrkjeleg reform gjennom Kong Christian VI.

Den fekk ein sterk oppsving gjennom Hans Nilsen Hauge på slutten av 1700-talet. Han vart ein trufast tenar for himmelen så lenge han fekk fridom til å virke. Det har vore skrive at Hans Nilsen Hauge si forkynning var sterkt lovisk prega og lite frigjerande.

Powered by Labrador CMS