| Debatt
Lekmannslina trengs som aldri før
HEIL BIBEL: Vi trur at Bibelen er inspirert av Guds Ande frå perm til perm, Skriv Kjell Furnes.
Odd Mehus
For ein som har fått levd ein langt liv kjem utviklinga, og resultata av dette, ofte fram i tankane. Herunder også korleis kristenlivet, og arbeidsforholda for dette, har blitt mellom folket i Noreg. La oss sjå litt på utgangspunktet og korleis det har gått.
Vi må vel kunne seie at lekmannsarbeidet i landet vårt har sitt utgangspunkt i pietisme som kom til Danmark og Noreg i slutten av 1600-talet. Pietisme, av det latinske ordet pietas, betyr «fromhet» Den prega samfunnet djupt gjennom personleg omvending, indre liv og streng moral, seier skriftene. Den vart til statskyrkjeleg reform gjennom Kong Christian VI.
Den fekk ein sterk oppsving gjennom Hans Nilsen Hauge på slutten av 1700-talet. Han vart ein trufast tenar for himmelen så lenge han fekk fridom til å virke. Det har vore skrive at Hans Nilsen Hauge si forkynning var sterkt lovisk prega og lite frigjerande. Skulle Kristus for oss få meir preg måtte ein Rosenius og Pontopidan sleppe til. Fredrik Wisløtt skriv i si bok «Den haugianske linje» «Et sterkt krav om bot , omvendelse og et hellig liv i frykt og beven. Troens frukter er kriteriet på om man er i nåden.» Vidare skriv han at HNH hadde lite forkynning om forsoning, syndforlating og kvile i Gud.