Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

🍁 1 krone for 1 måned Du kan betale med vipps

Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Leder

LEIESTJERNE: Jula og andre felles merkedagar viser veg mot eit fellesskap som er noko konkret; uttrykt ved raude dagar i vår felles kalender.

«Lei av jula»-mentalitet som nasjonal sjølvskading

Publisert Sist oppdatert

Når Unge Venstre stadig utfordrar dei felles heilagdagane som vi har her i landet, må vi til slutt ta dei på alvor, sjølv om forslaget deira til «rødedags-konto», verkar i grunn altfor utdatert til å koma frå eit ungdomsparti.

I tillegg til sundagen har vi altså her til lands 10 andre raude dagar i kategorien heilagdagar. Desse er fordelt utover året, og er knytte til kristne høgtider som har ein lang tradisjon bakover i hundreåra som har gått sidan landet vårt vart kristna.

I ei tid som vår, sterkt prega av individualistiske straumdrag, er det ikkje særleg overraskande at ordninga med felles fridagar vert utfordra. Folk har blitt stadig meir vane med tilpassing til individuelle preferansar på svært mange område. Kvifor ikkje gjera det same med heilagdagane?

Powered by Labrador CMS