| Kommentar
Langt frå rause Oslo til smålege Klepp
Ramadan, Pride, og alt det pengane våre går til.
KULTURSTØTTE: Soga om Klepp bedehus og kommunale kulturkroner har fått eit nytt kapittel. Av det heller underlege slaget.
Karl Almedal
Den 28. februar vart muslimane sin heilage månad, ramadan, innleia. I år fell han saman med den kristne fastetida, som startar veka etter, med oskeonsdag, i år første onsdagen i mars.
Samanfallet gir grunn til ettertanke.
Ramadan har blitt markert stadig tydelegare her til lands dei seinare åra. Mange vil seia at den offisielle ramma som høgtida no har fått, særleg i hovudstaden, berre er rett og rimeleg. Før jul er det advent, om sommaren er det happy pride, og då er det berre naturleg at ettervinteren står i halvmånens teikn. Alle skal få.