❄️ 1 krone for 1 måned Du kan betale med vipps

Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

| Kultur

Lærerikt om Kina og misjon

BOKMELDING: Kina er som kjent stort og variert, og det gjeld også misjon og kyrkje. Det er NLM sitt arbeid i Kina som er utgangspunktet for boka, skriv Johannes Kleppa.
Publisert

Det er ulike typar misjonsbøker. Nokre går tett på grasrota, altså folket, arbeidet og forkynninga. Andre er mest opptekne med det Guds ord seier om misjon, og atter andre ser misjonsarbeidet i perspektiv, anten globalt eller historisk. Vi treng alle desse typar misjonslitteratur.

Denne boka er av det historiske slaget, og boka er skriva av ein misjonshistorisk fagmann, Erik Kjebekk. Han er Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) sin store historikar i vår tid, samstundes som han har vore forkynnar i mange år. Han kjenner NLM sitt arbeid ut og inn, både i Noreg og på misjonsmarkene.

Denne boka tek føre seg misjons- og kyrkjehistoria i Kina i dei områda der NLM har hatt arbeid. Kina er som kjent stort og variert, og det gjeld også misjon og kyrkje. Vi får altså ikkje ei totaloversikt over misjon og kyrkje i Kina, men ei svært grundig innføring i dei områda der NLM har hatt misjonærar. Kjebekk fortel om mange stader og folk, så det er vert mange namn å førehalda seg til både når det gjeld geografi og kristenleiarar. Når ein på førehand har lite «lokalkjennskap» til stader og folk, kan det til tider vera vanskeleg å halda oversikta, men slik må det verta.

Powered by Labrador CMS