| Bokmelding
Lærerikt om Frans av Assisi
BOK: Det er slik sett ei fagleg svært solid bok, der den pensjonert professoren, Tarald Rasmussen (bilete), stig fram både som dyktig fagmann og dyktig formidlar, skriv Johannes Kleppa.
Alexander Tufte Wetherilt
Dei fleste har sikkert høyrt om Frans av Assisi, men det kan vera at det ein har høyrt, ikkje stemmer. Det er nemleg ei brokete historisk framstilling av han, slik at oppfatninga har variert opp gjennom tidene. Det er svært mykje litteratur og forskingsarbeid knytt til han.
Frans av Assisi vart fødd i 1182 eller 1183 og døydde 1226. Måten han levde på, vakte tidleg oppsikt. Han la stor vekt på å leva i fattigdom – ja, så absolutt fattigdom så berre mogleg. Han grunnla fransiskanarordenen, som ein katolsk munkeorden med vekt på å leva i fattigdom for å hjelpa fattige og gje dei evangeliet. Korleis dette skulle praktiserast, har det vore ein del usemje om i ordenen. Ordenen vaks i rekordfart ut over 1200-talet og vart eit livskraftig arbeid for kyrkja.
Frans sjølv fekk ein veldig sterk posisjon, sjølv om han også til tider var kontroversiell, men paven heldt handa si over han. Han vart raskt kåra til helgen, og han er truleg den fremste helgenen i den katolske kyrkja, sjølvsagt sett bort frå jomfru Maria. Eg var ikkje klar over den sterke helgenposisjonen Frans av Assisi har hatt og framleis har.