Leder
STORE UTFORDRINGAR: Den nye kunnskapsministeren treng truleg all sin positive energi i møte med dei formidable utfordringane som ventar i norsk skule.
Emilie Holtet/NTB
Læraren- mellom kjensler og kjølig statistikk
Dei fleste av oss kjenner ein frustrert barneskulelærar. Ein lærar som har hatt blåmerke på armen, som har blitt treft av eit flygande objekt i klasserom, som har gått imellom i ein hissig situasjon.
Dei fleste av oss kjenner ein barneskulelærar som svarer på lange meldingar frå foreldre på kveldstid, som forklarer, presiserer og grunngir. Som finn nye møtetidspunkt. Som koordinerer, fasiliterer og loggfører.
Dei fleste av oss kjenner barneskulelærarar som tenkjer på resten av klassen. Ho flinke jenta, som har lyst å læra meir om insekt. Han lysluggen som likar så godt å lesa, sjølv om ingen andre bryr seg. Dei to som alltid snakkar saman om tinga dei nettopp har lært. Dei høflege. Dei som alltid har eit godt spørsmål.