| Debatt
La trusfridomen segle vidare med oss
UTVANDRING: Kopien av skipet Restauration deltok under markeringen av 200-årsjubileet for utvandringen til Amerika i Stavanger i sommer.. Foto: Fredrik Varfjell / NTB
Fredrik Varfjell
Trusfridom er eit grunnleggjande prinsipp i Noreg – og har vore det i mange år. Den siste stadfestinga kom i 1964, då prinsippet blei grunnlovsfesta.
Gjennom århundra har vi sett endringar i praktisering og forståing av trusfridomen, men det har ikkje alltid vore èin sjølvfølge. Mange religiøse minoritetar har opplevd urett og manglande respekt. Dei fleste har i moderne tid fått ei offentleg orsaking – frå anten kyrkja eller staten.
I samband med Stavanger by og Stavanger bispedømme sitt 900-årsjubileum har særleg historia om utvandringa til USA fått mykje merksemd. Det heile starta i 1825 med Restauration, som segla frå Stavanger til New York den 4. juli same året.