Kyrkjemøtet - Skrifta og oppfatningar i tida

Kyrkja står ved sine organ i eit tilslutningsforhold til Skrifta, ikkje i eit dommarforhold, skriv Johannes Kleppa.

Kyrkjemøtet (KM) som byrjar i dag, er ei underleg forsamling. Eg har flei­re gon­ger sete på presse­ben­ken under Kyrkjemøtet (KM), og det er ei am­bi­va­lent opp­le­ving.

KM er Den nors­ke kyr­kja (Dnk) sitt ad­mi­ni­stra­tivt øvste organ med Kyr­kje­rå­det som ut­øvan­de organ.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Til for­skjell frå sta­ten si tre­de­ling av makta har Dnk ikkje nokon dom­stol. Med det får KM også denne funk­sjo­nen, slik at dette kyr­kje­de­mo­kra­tis­ke rådet kan døma om kva som er rett lære, og kva kon­se­kven­sar denne skal ha innan kyr­kje­sam­fun­net.

Bispe­mø­tet har eit sær­skild lære­an­svar, men då slik at bis­ko­pa­ne gjev inn­stil­ling til KM. Når så bis­ko­pa­ne er usam­de i lære­spørs­mål, vert det KM som må skjæ­ra gjen­nom den teo­lo­gis­ke usemja og gjera bin­dan­de lære­mes­sig fleir­tals­ved­tak.

No er det slik at kyr­kja, etter lu­thersk lære, hel­ler ikkje skal ha nokon dom­stol, fordi Skrif­ta er den øvste dom­ma­ren i lære­spørs­mål.

Kyr­kja skal spør­ja etter kva Skrif­ta seier, og så inn­ret­ta seg etter det, i for­kyn­ning, i un­der­vis­ning og i prak­tis­ke og li­tur­gis­ke for­hold.

Kyr­kja står ved sine organ i eit til­slut­nings­for­hold til Skrif­ta, ikkje i eit dom­mar­for­hold. Det vert då det sta­di­ge ar­bei­det med Skrif­ta som av­gjer kva som er rett lære.

Dette ar­bei­det har ei to­tu­sen­årig his­to­rie. Der det opp­står usem­je om lære­spørs­mål, vil det vera det ån­de­le­ge lei­ar­ska­pet som er ba­sert på Guds kall, nåde­gå­ver og ånds­ut­rust­ning som skal rett­leia i det, og som ut frå nøkle­mak­ta skal binda den fals­ke læra og setja fri ved den sanne læra. Det stor pro­ble­met er at Or­dets dom­stol er for­la­ten, og er­stat­ta av tida.

Det som fram­for årets KM har vore den store spen­nings­saka, er spørs­må­let om Dnk skal laga ein «vig­sel­ord­ning» som om­fat­tar like­kjøn­na par, eller ikkje.

Dei siste da­ga­ne har det dukka opp ei ny sak som gjeld for­hol­det til men­neske­ret­ta­ne, og som med det om­fat­tar livs­ret­ten og spørs­må­let om abort.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Begge desse spørs­må­la står i eit for­hold til Guds ord og til gjel­dan­de lov­gje­ving i sam­fun­net, na­sjo­nalt og in­ter­na­sjo­nalt. Det drei­er seg om dei etisk sett to mest fun­da­men­ta­le spørs­må­la for kyr­kje og sam­funn, tett etter­fylgt av spørs­mål knytt til miljø og for­bruk.

Både abort­spørs­må­let og ek­te­skaps­spørs­må­let skul­le vera inn­ly­san­de klare ut frå Skrif­ta og kyr­kja si samla for­stå­ing av desse gjen­nom to tusen år.

Det burde vore ei enkel sak å slut­ta seg til kyr­kje­leg lære på desse om­rå­det, men slik er det som kjent ikkje. Bis­ko­pa­ne lærer vrangt i ek­te­skaps­spørs­må­let, og no har det kome eit do­ku­ment frå Mel­lom­kyr­kje­leg Råd (MR) som i det mins­te må sei­ast å villeia i abort­spørs­må­let.

Det har lenge vore ein kamp in­ter­na­sjo­nalt, sær­leg i FN-sys­te­met, for å fremja fri abort. Dette har ofte skjedd under dekkor­det «re­pro­duk­ti­ve ret­tar». Dette har sær­leg møtt mot­stand frå ka­tolsk do­mi­ner­te land, men no vil MR at Dnk skal stil­la seg inn under den «re­pro­duk­ti­ve» fana.

Les også
Nett-TV: Følg Kirkemøtet direkte på Dagen.noKlikk for å endre tekstKirkemøtet 2014
Les også
Følger i Paulus sine fotspor