| Debatt
Kyrkjeleg tåkeprat
TÅKEFYRSTE: Det ble mye tåkeprat da Harald Hegstad (t.h.) ble intervjuet av Bjarte Ystebø i Bedehuskanalen nylig, mener Johannes Kleppa.
Kai Flatekvål / Anders Artmark Aanensen
På Bedehuskanalen er det eit interessant program som heiter «På tvers». Her intervjuar Bjarte Ystebø folk som er meir eller mindre «på tvers» av det han sjølv og Bedehuskanalen står for. Det er ofte interessant og lærerikt å møta folk som står for noko anna enn ein sjølv, og høyra deira analysar, vurderingar og argumentasjon. Til tider kan det vera reint fascinerande, slik det var med Harald Stanghelle i eit program for litt sidan.
Det siste programmet eg såg, var med Harald Hegstad. Han er professor i systematikk ved MF vitenskapelige høyskole (MF) og leiar i Kyrkjerådet, som er det øvste organet i Den norske kyrkja (Dnk). Det var primært som det siste han deltok i dette programmet. Det var ei deprimerande og nesten skremmande oppleving å følgja dette programmet og den teologiske tenkinga kyrkjerådsleiaren framførte, eller helst mangel på slik. Det aller meste var reint tåkeprat, og i staden for å framstå som åndeleg leiar, stod kyrkjerådsleiaren fram som tåkefyrste. I staden for opplysning og rettleiing, var det forvirring og villeiing.
Det er nesten ufatteleg at ein professor i systematisk teologi ikkje er i stand til å svara tydeleg på teologiske spørsmål.