| Bokanmeldelse
Kyrkja sin plass i det norske samfunnet
«KYRKJA SIN PLASS»: Vi har framleis ei grunnlovsfesta og statleg finansiert kyrkje, men ut over det er kyrkja fri. Det nyttar altså no ikkje å skulda på staten for det som skjer, men på «kyrkja sjølv», skriv Johannes Kleppa.
Odd Mehus
Tittelen på denne boka, «Frå kristenrett til kyrkjerett», kan lett oppfattast som smal, og at boka er for nokre få spesielt interessert. Ordet «kyrkjerett» kan verka nokså knusktørt og juridisk, og med det lite åndeleg.
Rett nok svingar ordet «kristenrett» noko meir, særleg sidan vi i fjor feira 1000-årsjubileum for denne på Moster. Denne oppfatninga av tittelen og boka er likevel feil. Det er mykje stoff i denne boka til ettertanke og lærdom.
Boka gjeld den ordninga vi har hatt i Noreg med statskyrkje, eigentleg like frå kristninga og fram til for få år sidan. Undertittelen på boka er difor «Ei tusenårs vandring og forteljing om statskyrkja sin ende». Det er i og for seg ikkje berre statskyrkjeordninga det gjeld, men denne ordninga sin betydning både for samfunnet og kyrkja. Det er knapt nokon i landet vårt som har betre føresetnader for å skriva denne soga, enn nettopp Egil Morland. Det er innafor professorkompetansen hans.