Kvinner i bibelsk tid og nå

Av dei ord i Bibelen som oftast er anført mot at kvinner kan forkynna eller vera prest i kyrkjelyden er 1. Kor. 14,33–40 og 1. Tim 2,11–15.

Først: Herrens bod frå Paulus i 1. Kor. 14,37 refererer seg til heile kap. 14 og er ei formaning til at alt skal gå sømmeleg for seg. Kvinnene sit bakerst og skal ikkje spørje mennene som talar, leier gudstenesta, les frå bokrullen, eller frå eit Paulusbrev. Deira spørsmål vil forstyrra gudstenesta, så om dei vil læra noko, skal dei spørja mennene sine heime.

LES:– Kirken har sett på kvinner som ugress

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I jødisk tradisjon er det framleis i synagoger ein skiljevegg mellom mennene som sit fremst og kvinnene bakerst, eller på eit galleri. Vi ser at det ville skapa uro om kvinnene prata saman og stilte spørsmål til mennene fleire meter unna. Teksta talar om å spørja for å motta lærdom, ikkje om kvinner skal forkynna. I 11,4 vert kvinna formana om å ha slør når ho profeterer, ergo akseptertePaulus at ho talar i kyrkjelyden. Teksta talar ikkje om hyrdeteneste, men om orden ved gudstenesta.

I 1.Tim. 2,11–15 høyrer vi at «når kvinna skal ta imot læra skal ho vera stille og underordna seg i eitt og alt, ho skal ikkje undervisa eller bestemma over mannen, men vera stille. Paulus formanar i heile kapittel 2 om å leva eit liv som ikkje bryt med gode og allmenne reglar om sosial framferd.

Hans føremål er (v. 4) «at menneske skal bli frelste og læra sanninga å kjenna». Apostelen si formaning om det kristne livet i 1. Tim. 3,7–8; 5,14;6,1; Tit. 2,4–5, 9 kallar oss ikkje til å gjera sosialt opprør, men spegla at me ynskjer at dei me bur mellom skal verta frelste. Misjonærar, som Paulus, har alltid vist liknande omsyn når dei lever i miljø som er ulikt deira eige.

Paulus tale om kva som er rett for kristne kvinner i jødisk og hellenistisk kultur rundt år 50, møtte sikkert forståing. Men om kristne kvinner i alle kulturar, til alle tider, skulle leva etter den oppskrifta, ville det innebera langt strengare regime enn at dei ikkje kan vera prest. Dei kunne heller ikkje undervisa, administrera, vera leiar, arbeidsgjevar, kateket, politikar og så vidare.

LES OGSÅ:Går ikke 
i tog på 
8. mars

NT seier atkvinner ga undervisning og at urkyrkja kjende kvinnelege profetar: 1.Kor. 11,5; Ap.gj. 16,14–15; 18, 24–28; 21,9; Rom.16,3–6. Me nemner og fråGT: Joel 3,1–2 som kan sjåast på som ein profeti om den nye pakt. Apostelen vil at vår framferd i tillegg til å vera ei etterleving av dei 10 boda, skal ha til hensikt at menneske kan sjå vår framferd som sømmeleg.

Men kva som er sømmeleg skiftar frå tid til tid og kultur til kultur. Formaningane frå Apostelen gjer frelse for våre medmenneske til mål for våre liv. Me er kalla til å leva slik at menneske kjem til tru. Eit sømmeleg, kristent liv i Korint, år 50, og Bergen, år 2016, etterlever beggedei 10 boda, men vil vera farga av ulik tid og kultur, samstundes som dei begge er bundne av Guds Ord. Me er kalla til å tena Gud i vår eigen generasjon, der Gud set oss til teneste.