| Debatt
Kvifor fastar muslimar under Ramadan?
IFTAR: Under ramadan bryter muslimer fasten ved solnedgang. Bildet viser to arabiske menn i Jerusalems gamleby som inntar et såkalt iftarmåltid.
Leo Correa / AP / NTB
Månaden Ramadan har kome, men kva er eigentleg Ramadan? Og kva er meininga bak at muslimar fastar i den?
Ramadan er ein måned i den Hijri-kalenderen. Fasta er pålagd muslimar som er i stand til det; dei avstår frå mat og drikke frå daggry til natt.
Likevel er islam ein religion prega av lette, ikkje vanske. Det står i Koranen at sjuke eller reisande kan utsetje fasta og ta den att på andre dagar når dei har moglegheit til å faste. Dei som ikkje kan faste i det heile, eller som synest det er svært tungt, har fått eit alternativ av Gud: å bespise ein trengende person (2: 183–184). Gud vil lette for menneska, ikkje vanske (2:185).