| Debatt
Kvifor eg valde Konservativt
BYTTA PARTI: Det eg saknar i Frp og i andre parti, er at kappa blir snudd etter vinden i staden for at politikken blir meisla ut på partiets verdigrunnlag, skriv Magne Djuvik.
Privat
Eg blei første gong vald inn i kommunestyret i 1991. Eg gjekk ut i 2023. I dei åra har eg vore leiar i hovudutval, medlem av formannskapet og varaordførar. Siste perioden var eg innvald for Frp i Bjørnafjorden kommunestyre, og var då leiar for kommunens kontrollutval.
I januar 2020 melde eg meg ut av Frp og inn i Konservativt.
Kvifor gjer ein noko slikt? Frp var jo eit stort parti. Konservativt er eit lite eit. Svaret ligg i historia.