VEGVAL: Det var dåverande leiar, Knut Arild Hareide (midten), som saman med andre tilhengjarar starta den fatale prosessen for KrF, og som førte partiet til det elendige valresultatet, skriv Arne Lie.

Kven starta den fatale prosessen for KrF?

I Dagen tirsdag 19.oktober har Nils-Petter Enstad eit innlegg om leiarvervet i partiet. Her er han svært skeptisk til at stortingskvinne Bollestad skal verta leiar i KrF.

Ein av grunnane til skepsisen hans, er at ho og den forrige leiaren var med og gav KrF eit så dårleg resultat ved stortingsvalet. Her tek han grundig feil, tvertimot kan vi takke både Ropstad og Bollestad for at valresultatet ikkje blei endå verre.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også
Ingen selvfølge at Bollestad burde bli leder

Ei heil stund såg det ut for at Krf skulle ende på 2-3 prosent. Men etter stor innsats frå leiar og nestleiar og mange andre KrF-tilhengjarar i valkampen enda ein på 3,8 prosent.

Så innsatsen til Bollestad i valkampen skal ikkje vera til hinder for at ho kan bli valt til leiar.

Enstad avsluttar innlegget sitt med at han vil ha det til at Bollestad var med og starta eit øydeleggjande linjeval for partiet. Dette stemmer ikkje. Det var dåverande leiar, saman med andre tilhengjarar, som starta den fatale prosessen for KrF, og som førte partiet til det elendige valresultatet.