| Frispark
Kven har nøkkelen til ny regjering?
STØRE-REGJERINGA: Kan me vente ei ny regjering før stortingsperioden 2025–2029 er omme? spør Hallgrim Berg.
Heiko Junge / NTB
Kan me vente ei ny regjering før stortingsperioden 2025–2029 er omme?
Me noterer og høyrer om løftebrot frå valkampen, stadig sløseri i den offentlege pengebruken, høgare lånerenter, bustadmangel for unge, inkassorekordar, kriminelle nettverk, høg fjerninnvandring og kolossalt dyre integreringstiltak, Epstein-spetakkel og lauslivnad, byråkratisk-politisk kameraderi og korrupsjon, vanlege folk med avgiftsplager (straum/drivstoff) og full matmoms, norske millionærar og milliardærar på flukt, Støre med «pride, eid og havvind» og Bart’n agerer med Noreg som stormakt i Midtausten …
Men å tømre eit borgarleg (eller ikkje-sosialistisk) regjeringsalternativ, er slett ikkje lett å få til.