| Debatt
Kven er ekte israelittar?
HEIMLAND: Auka fiendskap mot jødar med Holocaust som høgdepunkt, er rett nok ein bakgrunn for ønsket om eit heimland der jødar kunne kjenna seg trygge, skriv Vidar Sætre.
Silje Rognsvåg
Endre Aabrekk sitt innlegg 3/8 («Guds løfter ble aldri bundet av jordiske grenser») vart imøtegått av Gustav Gustavsen 21/9 («Kristne sin støtte til Israel er riktig og viktig»).
Eg er samd med Aabrekk i at kristne har bytta ut Jesu radikale lære, ikkje av denne verda, med tilbeding av ein jordisk nasjonalstat; at Jesus avviste forventningane om å vera ein militær frigjerar som skulle oppretta eit jordisk rike med sverd og makt.
Og denne forståinga trur eg har ført til bagatellisering av Israel si urettferd, som krig mot Iran basert på otte for menneskje ikkje for Gud (kontrast: David i Sal 27,1–3) og busetjarerobring av land utan Guds rettferd (5. Mos 9,1 ff).