| Debatt
Kvar generasjon har ansvar for å verne om livet
UERSTATTELEGE: Kvart menneskeliv har ein uerstatteleg verdi. Vi blir alle fødde ulike, med ulike eigenskapar, ferdigheiter og moglegheiter, skriv Simon Tobias Olsen.
Privat
Terroraksjonen den 11. september 2001 er ei av dei mest grufulle hendingane i moderne tid. 2 977 uskuldige menneske miste livet, og heile verda sørgde i lang tid etterpå. Hendinga står framleis som eit symbol på ekstrem vald og menneskeleg vondskap. I dei mest valdelege terroråra døyr mellom ti og femti tusen menneske årleg som følgje av terror, hovudsakleg i og rundt Midtausten. Slike dødstal sjokkerer oss, og med god grunn.
Samtidig finst det dødstal som sjeldan får like stor merksemd. Forsking viser at om lag 150.000 menneske døyr kvar dag på verdsbasis av ulike årsaker, som sjukdom og ulukker. Desse tala omfattar ikkje abort.
Ifølgje Verdas helseorganisasjon (WHO) blir det anslått at rundt 200.000 menneskeliv går tapt kvar dag som følgje av abort. Berre ein liten del av desse abortane skal vere grunna valdtekt. Når ein samanliknar desse tala med andre dødsårsaker, er det naturleg å stille spørsmål ved kvifor dette får mindre merksemd i samfunnsdebatten.