MUSLIM: Ho er muslim. Nå trur eg ho klart tek avstand frå ei omfattande sharia-lovgiving, men kva meiner ho innerst inne om viktige spørsmål og tema? spør Torbjørn Greipsland.

Kva meiner Hadia Tajik?

På spørsmål om kva inntrykk ho har av Kristen-Noreg, svarar ho: «Du finn like mykje variasjon der som du finn i dei muslimske miljø.»

Islam er både ein religion og eit samfunnssystem. Som muslim må vel eitt av dei muslimske landa vere hennar ideal. På 1400 år må då muslimar i det minste i eitt land ha fått til eit samfunn som ho stort sett er nøgd med og gjerne kunne bu i.

Eg har lese fleire intervju med stortingsrepresentant Hadia Tajik, sist i Dagen. Men kvar gong sit eg att med spørsmålet: Kva meiner ho eigentleg om viktige spørsmål? Etter mi mening har ho fått for få viktige spørsmål, og i svara har ho delvis gått rundt den varme grauten.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

LES: «Nei, jeg vil ikke dele ut koranen»

Ho er muslim. Nå trur eg ho klart tek avstand frå ei omfattande sharia-lovgiving, men kva meiner ho innerst inne om viktige spørsmål og tema?

Islam er både ein religion og eit samfunnssystem. Som muslim må vel eitt av dei muslimske landa vere hennar ideal. På 1400 år må då muslimar i det minste i eitt land ha fått til eit samfunn som ho stort sett er nøgd med og gjerne kunne bu i. Kva for eit land vil ho gjerne busette seg i?

Kva trur ho om at dei som døyr i krig for Muhammed, får eit harem av jomfruar? Dersom ho ikkje trur på det, har ho då klart gått ut og tatt avstand frå det? Det ville ha vore ei god åtvaring til dei som melder seg til krigsteneste for Den islamske stat (IS).

Å spørje kva ho meiner om det at Bibelen fortel om at ein berre kjem til Gud Far ved tru på Jesus, er kanskje å trø henne for nær. Eg reknar med ho trur Bibelen tar feil og Koranen har rett. Men skulle gjerne sett ho kommentere det.

Andre politikarar som Jonas Gahr Støre, Knut Arild Hareide, Trine Skei Grande og fleire, har sagt ein god del om si tru. Skulle gjerne ha sett Hadia Tajik gjere det same. På spørsmål om kva inntrykk ho har av Kristen-Noreg, svarar ho: «Du finn like mykje variasjon der som du finn i dei muslimske miljø.»

I muslimske miljø i Noreg finn vi ungdommar som drar til Irak og Syria for å kjempe saman med terrororganisasjonen IS, det vil seie dei er i det store og heile samde med IS. Og muslimar i Noreg var samde i drapa på Charlie Hebdo-redaksjonen i Paris.

Hugsar eg rett, er 30–40 prosent av muslimske studentar i Storbritannia mot demokrati og for sharia-lovar. Talet i Noreg vonar eg er langt lågare, men vi veit ikkje. Ingen har undersøkt det. Nokon parallell i kristen samfunn trur eg ikkje Hajik finn.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Om ho då ikkje i fredelege og avisdesliggjande Bjørsheimsbygd har funnet noko vi andre ikkje veit om kristne som meiner omtrent det same som dei muslimar som ønskjer å vere martyrar for Muhammed og støtte IS? Professor Bjørn Olav Utvik fann viss nokre parallellar i Lyngdal, han samanlikna jo KrF på femtitalet i Lyngdal med Den muslimske brorskapen i Egypt, og dei siste har drive med drap opp gjennom åra. Men eg kan ikkje tru Tajik er på ville vegar slik den tidlegare AKP-aren er med hans villeiing. Skulle gjerne ha sett Hadia Tajik svare.

Les også
Vil ikkje vere «kristen-politikarar»
Les også
«Nei, eg vil ikkje dele ut Koranen»Hadia Tajik
Les også
Debattkultur i opposisjon
Les også
– Flere er åpne for provoserende ytringer etter terror