| Debatt
Kva med barnelærdommen?
DEI TI BOD: Det eg forbind med barnelærdom, er mellom anna dei ti boda, skriv Brynjulv Hernes.
Adobe Stock
Når me i dag talar om barnelærdommen, tenkjer me gjerne på noko som høyrer fortida til. Men eg vil tru at me først og fremst tenkjer på det me fekk med oss av kristen kunnskap i heim og skule. Og eg spør: Treng samfunnet vårt ei atterføding av det som ligg i dette omgrepet: barnelærdom?
Det eg forbind med barnelærdom, er mellom anna dei ti boda. Der finn me mykje verdifullt som grunnlag for våre haldningar og handlingar. Respekt for menneskeverd og skaparverk finn me der.
Me har nyleg hatt stortingsval, og særleg Frp peika på at me treng eit synlegare politi for å få bukt med aukande kriminalitet og brotsverk. Men kvifor har me kriminalitet? Er det ikkje fordi respekt for lov og orden er borte? Då eg gjekk i skulen for over 70 år sidan, lærte eg at noko er synd, og me skulle ha respekt for og verna om menneskeverd og skaparverk.