| Debatt
Kva har vi lært av Naustdal-saka?
PODKAST: Når eg høyrer på intervjuet mellom Dagen-redaktør Vebjørn Selbekk og Bodnariu-paret i dag så tenkjer eg kor fattig Naustdal blei da dei og barna flykta frå lokalsamfunnet vårt, skriv Steffen Savland.
Bjørn Olav Hammerstad
I desse tider kjem filmen «Fjord» til kinoane landet over. Ein film som handlar om ein norsk-rumensk familie som bur i ei vestlandsk bygd. I løpet av filmen kjem familien i konflikt med det norske barnevernet. Ein konflikt som er like mykje, om ikkje meir, ein konflikt mellom ulike sett med verdiar, som det er om barnas beste og kor grensene går for kva som er greitt i oppsedinga. Sjølv om filmen sine karakterar er påfunne og det er fleire sakar den er inspirert av, så vil enkelte av oss kjenne igjen Naustdal-saka.
Eg bit litt merke i det tidlegare ordførar i Naustdal, Håkon Myrvang, sa no nyleg om saka knytt til at det er no blitt film som dreg ein god del av inspirasjonen derifrå. At han, som ikkje kjenner detaljane frå saka så godt, samstundes meiner at barnevernet gjorde ein god jobb. Han er ein god mann og i mykje har han representert Naustdal godt, men det er vanskeleg å vere einig med han.
I mine augo så kan det vere lettare å tru at barnevernet gjorde ein god jobb om ein «ikkje kjenner detaljane» med tanke på den tilliten vi plar ha for institusjonane i samfunnet. På den tida saka gjekk var det fleire psykologar og juristar som sette seg meir inn i detaljane og likevel meinte at barnevernet hadde gjort feil. Det at foreldra fekk tilbake barna etter vedtak i fylkesnemnd bør vere ein peikepinn på det.