| Debatt
Kva gjer jula til ei høgtidsstund?
SNART JUL: Kva er det som gjer jula til ei høgtidsstund for deg, spør leiarane i IOGT Møre og Romsdal. Biletet er frå den alternative julefeiringa «Trivelig jul» i Brandbu.
Eivind Tveter
Tidleg om hausten kjem det julekaker, julemarsipan og juleutstyr i butikkane. Nokre butikkar har spesialisert seg på julevarer og er heilårs julebutikkar. Har du tenkt på kva det er som gjer jula til ei høgtidsstund for deg? Og for born og unge?
For mange er det viktig at juledagane vert omkransa av kvit snø. Det gjer noko med stemninga kring juledagane.
For borna er det ofte ei glad forventning til juledagane, om vaksne som kanskje har meir tid til å vere saman med familien sin, til god mat og til pakkar. For andre born kan jula som høgtid vere ei utrygg tid på grunn av at føresette og andre vaksne i nær omgangskrins drikk alkohol i jula. Dei kan då ønske seg vaksne som har såkalla kvite dagar, altså dagar utan alkohol.