Kristendom
TENESTE: Det å få tena i samsvar med mine gåver, og få bety noko for andre, gir meg verkeleg følelsen av å leva, skriv Marit Hårklau Ådnanes.
Adobe Stock
Kva gir deg følelsen av å leva?
Dette er eit spørsmål eg nyleg kom over i samband med forsamlingsutvikling. Eg har stilt det i stabsmøte, til venner og til leiarar i ei forsamling. Det kan stillast som eit generelt spørsmål, men også meir spesifikt: «Viss du kunne gjera kva som helst i forsamlinga, kva ville gi deg mest følelsen av å leva?» Her handlar det om teneste.
Undersøkingar viser at om du lever i samsvar med dine nådegåver, blir du ein lukkelegare person, du får meir fruktbar teneste og andre menneske vil i større grad erfara Guds kjærleik og kraft gjennom deg.
Organisasjonar og forsamlingar har etter korona, erfaringar med at det er vanskeleg å få folk til å forplikta seg, og få menneske inn i teneste. Dette er trist, og med dette går me også glipp av noko sjølv.