| I fokus
Kulturkamp
CAMPUS: Utahs guvernør Spencer Cox (i midten) ber sammen med studenter ved Utah Valley University onsdag 17. september 2025 i Orem, Utah, under den første dagen tilbake på campus etter at den konservative aktivisten Charlie Kirk ble skutt og drept på campus 10. september.
Jesse Bedayn / AP / NTB
Temaet kulturkamp har fylt alle kanalar siste vekene. Særleg aktuelt vart det etter mordet på Charlie Kirk. Både Kirk og kulturkampen har blitt utskjelt som farleg høgreekstremisme.
Charlie Kirk døydde som offer for si kristne tru og sitt samfunnsengasjement. Han har elegant og uredd løfta fram viktige kristne sanningar, rett nok innhylla i amerikansk politisk ideologi som vi ikkje treng å hente heim.
Dette er ikkje eit innlegg om Charlie Kirk eller mordet, men ein refleks av det inn i vår kulturkontekst. Det har undra meg lenge at sentrale kristne kommentatorar har skandalisert fenomenet ‘kulturkamp/-krig’. Kva anna er det apostelen skildrar når han skriv om vondskapens åndehær i himmelrommet som er mykje farlegare enn dei som står oss etter livet fysisk? Dei kjempar imot oss med åndelege våpen, og berre slik kan vi møte dei. Der står kulturkampen også i vår generasjon.