KRLE og framtidsskulen

Omfanget av kristendomsdelen burde ikkje vera kontroversiell om ein ser sakleg på kultursituasjonen i vårt land. Det er «vår kristne og humanistiske arv» som er jordsmonnet som gjev vekst for åndsfridom, toleranse og respekt for den enkelte.

Det er forhandlingar om KRLE i framtidas skule. Dagen har hatt saka både på reportasjeplass og i leiarartikkel. Den indre prosessen skal eg naturleg nok ikkje kommentera på nåverande tidspunkt. Men eg tillet meg å nemna nokre vurderingar som eg ved fleire høve har framført om dette viktige temaet.

Les Dagens lederartikkel: KrF og KRLE

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Vi lever i eit samfunn der verdiar brytest. Religionar og livssyn møtest i det opne rom. Toleranse, åndsfridom og respekt for det fleirkulturelle er honnørord for dei fleste.

Samtidig opplever vi ekstremisme både frå nynazistiske miljø og ikkje minst frå ekstrem islam nært innpå livet. Det gjev oss utfordringar, krev edruelege haldningar og kloke strategiar med samarbeidsrelasjonar for å førebyggja at born og unge blir fanga inn av nedbrytande krefter.

Frykt og skyttargraver løyser få problem. Enkel retorikk frå ulike hald tener også lite framtida. Men det tyder ikkje at meiningar ikkje må brytast og at vi ikkje utfordrar kvarandre. I respekt for norske muslimske leiarar av god vilje nemner eg at mi viktigaste utfordring til dei er spørsmålet om haldninga til religionsskifte. Det samfunnet som ikkje verner religionsskiftet, har ikkje religionsfridom og manglar grunnleggande respekt for den enkelte sitt menneskeverd.

Det blir ikkje truverdig tale om toleranse og respekt for andre der vernet om trusskiftet ikkje er grunnhaldninga. Det er sjølve testen! Etter mi vurdering er respektfull haldning til religionsskiftet ei grunnleggande haldning som born og unge må møta både heime, i trusfellesskapet og i skulen. Det er viktig for kulturell utvikling og respektfull integrering i samfunnet. Det er eit av dei viktigaste verkemidla til å motverka ekstremisme og hatefulle haldningar til andre.

Det var ein skandale at den forrige regjeringa fjerna KRLE frå lærarutdanninga. Det er eit tankekors at det skjedde frå den same regjeringa som oppnemnde utvalet som la på bordet NOU 2013:1: Det livssynsopne samfunnet. KRLE i lærarutdanninga og skulen er viktig av mange grunnar:

Det nye fleirkulturelle og fleirreligiøse samfunnet utfordrar born og unge i verdimøtet i skulen. Då treng lærarane fagleg kunnskap som kan rettleia i dette møtet mellom verdiar frå religionar og livssyn. Utan denne kunnskapen er det eit katastrofalt hol i kunnskapsskulen! Det gjeld altså ikkje berre undervisningskompetanse i det spesielle faget, men verdikompetanse til skuleoppseding gjenerelt.

Ut frå signala i media frå kunnskapsministeren vil han ikkje gå for eit heilt fag. Det synest eg er uklokt. Var det mogeleg før, burde det vera enno enklare med eit år ekstra lærarutdanning. Minstemålet må i alle tilhøve vera at utarminga av fagseksjonane stoppar, at dei heller får utvikla seg og at undervisninga i lærarutdanninga er forskningsbasert for faget. Signala om relasjonen til PEL-faget likar eg dårleg. Det verkar lite realitetsorientert. Dei seksjonane har så langt eg erfarer, ikkje vist stor velvilje og forståing for KRLE-faget sin eigenverdi.

Omfanget av kristendomsdelen burde ikkje vera kontroversiell om ein ser sakleg på kultursituasjonen i vårt land. Det er «vår kristne og humanistiske arv» – jfr Grunnlova – som er jordsmonnet som gjev vekst for åndsfridom, toleranse og respekt for den enkelte. Kristendommen sin plass i vår kultur er viktig – også «for å ha eit fast punkt å tolerera ut frå» slik den tidlegare datadirektøren sa det.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Stålsettutvalet (den før nemnde NOU 2013:1) hadde mange viktige poeng, men gjorde ein kardinalfeil – dei tala berre om kristendommen som trussamfunn og tok ikkje med kristendommen sin «sivilisatoriske betydning» (Biskop e.m. Finn Wagle) for landet si utvikling. Den feilen må ikkje kunnskapsministeren og H/Frp regjeringa byggja vidare på.

NB: denne saka dreier seg ikkje om «siger» for KrF. Det dreier seg kort og godt om siger for framtidas born og unge og eit integrert samfunn i respekt for kvarandre.

Les også
KrF og KRLE
Les også
Dropper 55 prosent kristendomKRLE-faget
Les også
Positive til å integrere RLE i annet fag
Les også
Rogaland takker nei til nye kristne skolerNye skoler
Les også
Omkamp om KRLEKRLE-faget