| Debatt
Kristne verdiar
STORTINGSVAL: No er valet over. Mange har kommentert det. Nokre parti er vonbrotne, andre er letta og glade, skriv Brynjulv Hernes.
NPK
No er valet over. Mange har kommentert det. Nokre parti er vonbrotne, andre er letta og glade.
Sjølv er eg glad for at KrF nådde sperregrensa, men det er ingen grunn for å «ta heilt av» i ein gledesrus. No får me eit Storting utan KrF-representantar frå Trøndelag og Nord-Norge og Innlandet. Det er etter mitt syn svært uheldig. Men lat oss hugsa på dei sju i bøn. Men me må heller ikkje gløyma å be for alle våre folkevalde uansett parti.
Eg har i lang tid vore vonbroten av at me har to parti som begge vil at kristne grunnverdiar skal ha plass i samfunn og lovgjeving. I Bibelen les me om at «dei elskar kvarandre». I valkampar er det meir at «dei kjempar mot kvarandre».