| Debatt
Kristne vener bed meg slå alarm, Torp
SAMMENSTØT: Politimenn i Kolkata gjør retrett etter sammenstøt med tilhengere av det hindunasjonalistiske partiet BJP.
Bikas Das / AP / NTB
Eg er glad for at Jan-Aage Torp no innser at må ta opp den urovekkjande situasjonen i Vest-Bengal. Det er ikkje ein dag for tidleg.
Den aller første valsigeren for det hindunasjonalistiske partiet BJP i Vest-Bengal i mai i år, var som å trykka på ein hindunasjonalistisk valdsknapp. Norske kristne måtte avlysa ei reise fordi det var blitt utrygt.
Men Torp kan ikkje stogga i Kolkata (Calcutta). Han må følgja spora til hovudstaden New Delhi. Kvar kjem hatet som viste seg i Vest-Bengal frå? Kva har statsminister Modi gjort for å stagga venene i Kolkata og stilla valdsmenn også andre stader til ansvar?