| Meiningar
Kristne skular og «fiendtlige miljøer»
EINSRETTING: Alle som vil, må forsvara foreldreretten og kristen oppseding, eller så kan vi om kort tid vera under den sekulære og einsrettande staten sin tvang til tru, skriv Johannes Kleppa
Gorm Kallestad / NTB
I Dagen har det vorte skrive ein god del om Utdanningsdirektoratet (Udir) sine tilsynsrapportar frå fem kristne skular knytt til Menigheden Samfundet og Det Almindelige Samfund.
Dei vurderingane, den argumentasjonen, dei konklusjonane og dei pålegga som vi finn der, undergrev kristne skular som vil ha ei bibelbasert undervisning.
Argumentasjonen er slik at han også rammar kristne trussamfunn og bibelforplikta forkynning. Det er altså svært dramatisk om desse rapportane vert ståande. Då endar vi i sivil ulydnad ved å lyda Gud meir enn menneske.