| Debatt
Kristne friskular – tariffavtale og pride
FRISKULAR: Det er skulestyret og ingen andre som skal styra skulen, og det må også tilsette innfinna seg med, skriv Johannes Kleppa.
Kai Flatekvål
Det er eit stort ideologisk trykk i samfunnet mot einsretting, både livssynsmessig sett og reint praktisk. Dei kristne friskulane kjem ofte i brennpunktet her, og dei vert som ein katalysator og prøvestein for kristen tenking. Skal kristne skular ha den funksjonen dei er oppretta for, er det avgjerande viktig at dei er styrte av kristen tenking på alle plan. Heldigvis har vi mange dyktige skuleleiarar i friskulane, folk som også er villige til å ta ein støyt når det trengst. Her vil eg peika på to forhold som er svært ulike, men som like fullt har ein indre samanheng.
I Bergen har det no i mange veker vore noko så sjeldan som streik ved ein kristen friskule. Det har sin grunn i at nokre av lærarane er organiserte i Utdanningsforbundet, og dei har kravd tariffavtale. Det vil ikkje skuleleiinga inngå, fordi dei meiner Utdanningsforbundet med det dei står for, ikkje er ein naturleg part. Dessutan følgjer skulen norsk lov med tanke på lønn og arbeidsvilkår.
Dei aller fleste kristne friskular har ikkje tariffavtale med Utdanningsforbundet, og det er det heller ikkje krav om i lovverket. Det er ein uting når tilsette og organ utafor skulen presser skuleleiinga i spørsmål av denne karakteren. Det er skulestyret og ingen andre som skal styra skulen, og det må også tilsette innfinna seg med.