| Kommentar
    Kristne anno 2025 går ikkje i harnisk over heidenskap ved Stavanger domkyrkje. Er det bra?
    
    
        GUDEBILETE VED GUDSHUS: Stavanger feirar 900 årsjubileum med den kjempemessige kunstinstallasjonen Lamassu i sentral rolle.
        Helene Reite Uglem
    
        
 
                        
                        
                        
                        
                        
    
    
    «Det blir litt underlig hvis stein- og metall-guder får kristenfolket i harnisk(...)» Kommentaren tilhøyrer Terje Høyland, prest og internasjonal leiar i IMI, Stavanger. 
I eit innlegg i Stavanger Aftenblad kommenterer han gude- eller demonstatuen Lamassu, prominent plassert ved domkyrkja i Stavanger i samband med 900-årsjubileet for byen.
På sympatisk, men noko tidstypisk vis, oppmodar Høyland til «å våge å se en gang til». Det at ein fire meter høg assyrisk gudestatue skal kneisa over domkyrkjeplassen, vert rett nok forsiktig karakterisert som «underlig» og uttrykk for «manglende dømmekraft».