| Leder
Kristendating: Treigt, traust og på trua laus?
GJEST: I første episode av vår nye podkast Singelkrise? er gjestekommentator i Dagen Rania Melissa Louhibi på besøk.
Johanna Hundvin Almelid
Dagens nye podkastserie Singelkrise? vart lansert denne veka. Tematikken er interessant uansett sivilstatus. Dette handlar både om sterke kjensler, relasjonar og fellesskapa vi er ein del av.
I den første episoden har journalistane Johanna Hundvin Almelid og Marianne Eide fått med seg Rania Louhibi. Louhibi er gjestekommentator her i avisa, og har kort nok fartstid i kristne miljø til at ho framleis ser den kristne dating-kulturen litt frå utsida.
I ein nyleg kommentar hennar tematiserte nettopp dei sårbare sidene ved singelliv og leiting etter ein partnar i kristne miljø. Den engasjerte svært mange.