| Frispark
Kristen motstand mot det totalitære
KRISTENDOM MOT MAKTBRUK: Eg er fasinert av den kristne kulturpersonen Ronald Fangen (bilete). Professor Jan Inge Sørbø, som har forska på Fangen, seier at grunntanken hans var at «kristendommen skulle beskytte mot maktbruk og totalitarisme»skriv Rolf Kjøde.
Scan-foto / NTB
Eg er fasinert av den kristne kulturpersonen Ronald Fangen. Professor Jan Inge Sørbø, som har forska på Fangen, seier at grunntanken hans var at «kristendommen skulle beskytte mot maktbruk og totalitarisme». Det er ikkje ord om ein samfunnskritisk marxist, men skildrar ein klassisk konservativ tenkjar.
Det slår meg at mange kristne treng å oppdage dette på ny. Den kristne kyrkja har ei blanda historie i møte med totalitære ideologiar. Altfor ofte gjennom hundrevis av år har kyrkjer i Europa, i strid med Jesu ord om Guds rike, prioritert å halde seg i den maktpolitiske varmen.
Samtidig har kristen tenking lagt grunnlaget for dei verdiane som frie demokrati byggjer på. I vår tid må vi klare å tolke signala slik at vi forsvarer desse verdiane og unngår å hamne i kulturkrigens totalitære grøfter. I hovudsak er det verken kommunisme eller nazisme som trugar, slik som i mellomkrigstida. Det totalitære har kledd seg i penare gevant. Kva skal vi då sjå etter?