| Kommentar
Kristen-favoritt var utru mot kona i åtte år. Kva lærer vi av Yancey-affæren?
Kynismen blir farleg når førebilete fell.
PROFIL: Også for mange her til lands er amerikanaren Philip Yancey eit kjent namn. Nyleg sto han fram med utruskap gjennom åtte år.
Dean Ayres/CC/Flickr
Eg er neppe den einaste som sit att med ei trist kjensle etter at den amerikanske forfattaren Philip Yancey (76) denne veka stod fram og innrømte at han hadde vore utru mot kona Janet over ein periode på heile åtte år.
Det er ikkje noko nytt at innflytingsrike kristen-profilar viser seg som skrøpelege kar – særleg på det seksuelle området. Fall-prosenten til markante kristne leiarar med global påverknad kryp oppover.
Eller kanskje han berre alltid har vore deprimerande høg?