☀️ 1 krone for 1 måned

Du kan betale med vipps Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

| Debatt

Kristen etikk kontra tillit og regulering

KRISTEN ETIKK: Å forkasta kristen etikk, er kostbart for samfunn på mange måtar, inkludert økonomisk og byråkratisk, skriv Johannes Kleppa (bilete).
Publisert

Når kristen tenking og kristen moral går ut, kjem staten inn som moralskapar og moralpoliti. Kristen etikk skaper tillit og ansvar, og der slik etikk mister innverknad og makt, vert det mistillit, mangel på ansvar og utflytande praksis. Det fører med seg lovregulering på stadig fleire område, om det skal vera samhald i folket og samfunnet skal fungera utan at kvar og ein tek seg til rette etter eigne tankar.

Denne utviklinga ser vi i samfunnet vårt på stadig fleire område, og det gjer at staten og byråkratiet esar ut med dei kostnader det har, og det gjer samfunnet stadig meir komplisert både for næringsliv, lag, foreiningar og for folk flest. Det å forkasta kristen etikk, er kostbart for samfunn på mange måtar, inkludert økonomisk og byråkratisk. 

Det er mange som klagar på dette, samstundes som ein – paradoksalt nok – krev at staten stadig tek meir ansvar og lovregulerer stadig fleire område. Det synest ikkje som noko spør seg kvifor vi har fått denne utviklinga. Det synest ikkje som at folk spør etter eit samlande verdifundament og ein samlande etikk eller moral, slik vi finn dette i kristendommen.

Powered by Labrador CMS