| Debatt
KrF har potensial for vokster
KLOK LINE: For min del ser det ut som KrF dei siste åra har lagt seg på ei line som både er klok og demokratisk, skriver Hallgrim Berg.
Dagen arkiv
I Dagen 20.august ser ein overskrifta «KrF i fritt fall» signert John Glenn Robertsen. Innlegget kallar på kommentar, her frå ein interessert ikkje-medlem.
Kritikken haglar over eit KrF som innsendaren meiner er usynleg, driv innavl, ikkje har ein politikk med relevans, som overser «den rå markedsliberalismen» og attpåtil «ignorerer de store spørsmålene», osv.
Løysinga for partiet, meiner Robertsen, er å ta «lærdom av Rødt», som fossar fram og veks på meingsmålingane. Partiet har engasjert seg om husleige, bemanning i eldreomsorga og trygt arbeidsliv. Han meiner at dei kristendemokratiske verdiane kunne utgjort ein skilnad i samfunnet, og nemner også fattigdom, einsemd og flyktningepolitikk. Og alt av politikk skal sjølvsagt vera «rettferdig.»