Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

❄️ 1 krone for 1 måned Du kan betale med vipps

Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

| Frispark

Kosthald og fysisk aktivitet – ei klassegreie?

FRISPARK: «Har du sett kor mange folk som går rundt med pulsklokke eller har pulsbelte? Kanskje gjer du det sjølv.», skriv Kjersti Toppe.
Publisert

Har du sett kor mange folk som går rundt med pulsklokke eller har pulsbelte? Kanskje gjer du det sjølv. Eg skal ikkje dømme nokon for det. Det har garantert sine positive sider. Framfor alt kan det bidra det til meir aktivitet. 

Men eg set likevel spørsmål ved denne trenden. Kan det skape helseangst i staden for helsegevinst? At kvarmannsen skal gå rundt og vere opptatt av makspuls og kvilepuls, bodybatteri, blodtrykk og stressnivå, er det sunt? Eg meiner det har noko negativt og unaturleg over seg.

Eg høyrer om folk som vaknar om morgonen for å lese utav klokka si at dei har hatt dårleg søvnkvalitet. Kor deprimerande det må vere å vakne til slike fakta, tenkjer eg. Og attpåtil bli fortalt det av ei klokke? Er det bra for oss?

Powered by Labrador CMS