❄️ 1 krone for 1 måned Du kan betale med vipps

Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

Leder

MENNESKESYN: Det seier mykje om synet på menneskeverdet og verdiane i eit samfunn korleis ein tek vare på dei svakaste – dei eldre inkludert.

Korleis vil du ha det når du blir gammal?

Publisert Sist oppdatert

Memento mori - husk at du skal døy, heiter det i ein kjend, latinsk frase. Den minner oss om at menneska er dødelege og at livet er kort. Etter NRK-avsløringar om svikt i eldreomsorga, er det freistande å tilføye ei anna påminning: Hugs at også du, mest sannsynleg, ein dag skal bli gammal.

Spørsmålet blir då: Korleis ønskjer du å ha det når den tida kjem?

Det hender ein kan byrje å lure på om den generasjonen som har ansvar for å planlegge og finansiere dagens eldreomsorg, tenkjer om seg sjølve at vi er udødelege. Eller evig unge. Vi kan i alle fall ikkje vere spesielt urolege for sjølve å bli avhengige av hjelp på våre eldre dagar.

Powered by Labrador CMS